Kva veit du om elektriske skipsinstallasjonar?

   
   

Sunnmøre Elektro as utvidar sitt serviceteam for offshore og fiskeri og søkjer difor etter serviceteknikar/ingeniør med bakgrunn frå skipsbygging. Rette personen på jakt etter nye utfordringar kan få plass på vårt serviceteam. Kunnskap om hovedtavler og generatordrift vert føretrekt. I tillegg treng vi fleire med kunnskap om dieselmotordrift.

Sunnmøre Elektro as, avd. Herøy held til på Mjølstadneset.

Sunnmøre Elektro as kan tilby god løn og eit godt fagleg elektromiljø.